Helgetankar 15.søndag i Treeiningstida


Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.

 

Tekst: Fil 1,9-11
«Klok kjærleik»

Paulus er i fangenskap når han skriv Brevet til filipparane. Kva gjer han når han sit der i lenkjer? Han ber. Og vi får vite kva han ber om!
Ofte tenkjer vi vel at det går eit skilje mellom kjærleiken på den eine sida og dømmekraft og innsikt på den andre. Kjærleiken kjem frå det varme hjarta, dømmekraft og innsikt frå det kalde og klare hovudet. Og kanskje favoriserar vi det eine framfor det andre.
Ikkje slik i Paulus si bøn. Her er det nettopp kjærleiken som skal bli rik på dømmekraft og innsikt. Hjartelag og klar tanke saman.
Når vi berre blir gjort merksame på det, er det forståeleg at det må vere slik. Kjærleik utan dømmekraft kan komme på villspor og få fylgjer vi ikkje ynskjer. Innsikt utan kjærleik varmar ingen.
Eg trur at heile dette tekstavsnittet som er Paulus si bøn for filipparane, med fordel kan nyttast som ei mønsterbøn vi kan be for oss sjølve eller kyrkjelyden. Kvart ledd i bøna har tyngde og er fullt av meining. Men alt botnar i kjærleiken. Det er den som er opphav til og utgangspunkt for alt det andre. Det er forfattaren av «Kjærleiken sin høgsong» i 1 Kor 13 vi høyrer også i denne bøna. Høgsongen endar med orda «Størst av dei er kjærleiken». 
Halldis Moren Vesaas skreiv eit vakkert og innsiktsfullt dikt om kjærleik som ser og forstår, om den kloke kjærleiken. Eg har fått lov til å gjengi diktet her:

LYSET
Kjære, alt ditt som du viser meg no
-så utenkt som mangt av det er –
kan det vel hende eg ikkje forstod
om du ikkje var meg så kjær

Eg stansa vel uviss, utan svar,
som framfor eit ukjent land, 
om ikkje min kjærleik til deg var
for meg som ei lykt i mi hand.

Den lyser meg fram, så eg kan gå inn
og gjere meg kjend i kvar krok.
Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind.
Kjærleik gjer klok.

(Halldis Moren Vesaas)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake