Borgund menighet > Vis


Helgetankar 13.søndag i Treeiningstida


Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.

Tekst: Matt 25,14-30
«Vi har alle noko som kan brukast»

«Samanlikning stel gleda» sa Theodore Roosevelt.
Det er lett å tenke seg at han som hadde fått ein talent såg på dei som hadde fått to eller fem, og så miste han frimodet. Dei andre kunne så mykje betre og fekk til så mykje meir.
Vi må gjerne sjå på andre sine gåver og takke Gud for dei. Men lat oss ikkje gløyme eller forsømme vår eiga gåve som har samme gjevar. Prøv å vere takksam for det du har fått utan å samanlikne.
Det er ikkje sjølvsagt at det er tenaren med berre ein talent som grev ned talenten sin. Om vi har fått mykje eller lite må vi ta det i bruk.
Ein talent svarte til 6000 dagløner, så det var store verdiar som sto på spel. Gud har gitt oss både menneskelege og materielle ressursar å forvalte. Eg ynskjer for oss at denne forvaltartenesta skal vere fylt av glede heller enn frykt for å gjere feil.
Den ukloke tenaren i Jesu likning hadde eit bilete av herren sin som ein hard mann. Når vi ser korleis historia endar, fekk han også rett i det.
Vår Herre er Jesus Kristus, og Han overlet oss ikkje til oss sjølve i denne tida før Han kjem att. Han er med kvar dag med oppmuntring og vegleiing. Gåve og verk er Hans meir enn vårt eige. Gud let oss ta i bruk det Han sjølv gir oss til beste for det Han har skapt.
Ingerid Sletten av Sillejord i diktet av Bjørnstjerne Bjørnson gøymde den vakre huva si på kistebotnen. Ho var alltid for fin til å kunne brukast, med det resultat at tida tærte på huva så ho vart heilt borte.
Kvar dag byr på nye høve til å gjere godt med det Gud har gitt oss.

Noen trenger meg
Derfor skal jeg være
så mye av meg selv
som mulig

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan leste siste andakt her.

Tilbake