På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 4.søndag i påsketida.
Tekst: Joh 13,30-35
«En sart blomst»
Korleis kunne Jesus tale om herlegdom i det han vart sviken av Judas? Kva er ærefullt ved eit svikefullt kyss i natta? Jesus nærma seg si liding, død og oppstode, og Judas sitt svik var fyrste steget på den vegen. Timen var nær då Jesus skulle bli overgitt i syndarhender. (Matt 26,45)
Det er vanskeleg å sjå herlegdom i døden på krossen. Men her sigrar Jesu kjærleik over alle vonde krefter. Han gjer dei makteslause. Etter hans soningsdød er det ingenting som kan skilje oss frå Guds kjærleik (Rom 8,39)
Den engelske arkitekten Ninian Comper sa at eit kyrkjerom er mest vellukka når den naturlege responsen på å komme inn i det er å falle på kne. Det gudshuset som er bygd av levande steinar er mest vellukka når dei som kjem inn der seier: «Sjå, kor dei elskar kvarandre!»
Kjærleik bar heile Jesu virke på jorda. Og kjærleik var den arven han ville late etter seg hjå læresveinane sine.
«Kjærligheten er noe annet enn en kort, overfladisk rus; den er en sart blomst, et kunstverk av Guds finger, plantet inn i en hard verden.» (Georg S. Geil)
Hvis vi vil gi ære til Gud, så skal vi lære å elske. Det er eit livslangt prosjekt. Men vi veit at det er eit prosjekt etter Guds vilje. På denne vegen lærer vi først å sjølve ta imot Guds fullkomne kjærleik til oss. Det er grunnmuren i huset. Så ser vi etter kvart at Gud elskar vår neste på samme måte som han elskar oss. Då vert det etter kvart ikkje plass til anna enn kjærleik i verda.
Når krossen underfull eg ser,
der Livsens hovding måtte døy,
all verdsens vinning armod er,
all stordom kverv som halm og høy.
Frå panna, handi, foten hans
flyt sorg og kjærleik saman ned.
Kvar fletta klunger slik ein krans,
og når vart strid til slik ein fred?
(Isaac Watts / Per Lønning N13 nr.170)
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.