På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 3.søndag i Påsketida.
Tekst: Joh 10,1-10
«Porten»
Vi er i Midtausten for 2000 år sidan, og det var svært vanleg å vere sauegjetar. Der var farlege ville dyr, der var tørt og det kunne vere vanskeleg å finne vatn og beite. Saueflokken var avhengig av ein god gjetar. Om natta kunne sauene bli samla i store innhegningar. Der var det kun ein port inn til sauene. Men om natta kunne det hende at nokon klatra over gjerdet og ville stele sau.
På den tida Johannesevangeliet blei skrive, brukte dei kristne å fortsette å gå i synagogen. Men farisearane som var leiande i synagogane kunne ikkje akseptere den trua dei kristne hadde – at Jesus var Guds Son. Johannesevangeliet forkynner at Jesus er porten, men også at han er gjetaren, at han er vegen, sanninga og livet, at han er brødet, at han er lyset. Denne vedkjenninga til og tilbedinga av Jesus førte til at dei kristne vart kasta ut av synagogane. I denne teksten advarer evangelisten mot å fylgje dei leiarane som ikkje aksepterer Jesus.
Jesus Kristus er porten inn til sauene. Ein person, ikkje eit system av læresetningar eller veremåtar.
Det vakraste i denne teksten tykkjer eg er det som står om at sauene høyrer. Eg har lest at arabiske gjetarar kan ha ein unik kallelyd for kvar einskild sau. Så intimt kjenner gjetaren kvart einskildt dyr. Den kjennskapen det her er snakk om er ikkje berre kunnskap, men ein tillitsfull og kjærleg relasjon.
Nokon vil ha noko av oss og nokon vil gi. Ofte ser det omvendt ut. Men gjetaren er ikkje som tjuven og røvaren. Han kjem for at vi skal ha liv og overflod.
Måtte jeg aldri bli en dør
som oppsøker min neste
for at han skal gå gjennom meg.
Måtte jeg aldri forplikte ham
til å følge mine veier,
gjøre mine innganger til sine,
behøve mine nøkler for å komme inn.
Hvis min dør er Kristus,
er det viktig
at jeg hjelper min neste
til å vandre mot Faderen
og likevel forbli seg selv.
(Dom Helder Camara)
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.