På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 1.søndag etter Påske.
Tekst: Joh 21,15-19
«Jesus og Peter»
Å bli tilgitt er samstundes å få ei oppgåve: Å bli tatt i bruk, å bli tatt inn i arbeidsfellesskapet igjen. Å bli vist tillit på tross av det som er gått feil før.
Den anglikanske teologen Tom Wright fortel om eit middagsselskap der ein av dei unge mennene insisterte på å få vere med å rydde og vaske opp på kjøkkenet etterpå. Han var oppglødd etter selskapet og fortsatte å snakke ivrig om det som hadde blitt diskutert. Fråverande tek han tak i den vakre krystallmuggen som har vore i familien i generasjonar og byrjar tørke. I farta snur han seg og støyter saman med ein av dei andre på kjøkkenet. Muggen glir ut av handa hans og går i tusen knas mot golvet. Mannen er fortvila, og før han går heim lovar han å kjøpe ein ny mugge. Godt meint, men inga erstatning for arvestykket.
Vert og vertinne grunnar på kva tilgjeving inneber i denne situsjonen.
To veker seinare heldt dei eit nytt middagsselskap der dei inviterte den unge mannen. Etter måltidet blir han bedt om å vere med å rydde og vaske opp.
Peter får full oppreisning. For kvar av dei tre gongene han hadde fornekta Jesus, får han sjansen til å vedkjenne seg sin kjærleik til Meisteren. Og Jesus kvitterar, ikkje berre med ein klapp på skuldra: «Ja, men då seier vi det er greit, då», men ved å gi han tilbake aposteloppdraget.
Guds nåde er eit kall. Det er å vere innrullert i Guds teneste, å bli gitt ei unik og personleg oppgåve, eit nytt namn og ei ny verdigheit i Guds auge.
Eg hugsar då eg var ti år gammal og far min spurte om eg hadde lyst til å begynne å spele cello. Eg vart jublande glad. Ikkje eigentleg fordi det var noko spesielt med det å spele cello, men fordi far min hadde tenkt på meg og tenkt på noko eg kunne gjere.
Å hvilken lykke å deg tilhøre!
Takk, takk at også jeg fikk være med!
Din gode gjerning du selv fullføre,
til jeg står fri og frelst i evighet.
(Lars Oftedal, fritt etter Fredrik Engelke N13 nr.375)
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.