Ord til ettertanke Palmesøndag


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Palmesøndag.

Tekst: Matt 26,6-13

«Jesus vert salva i Betania»

For ein månad sidan leste vi også ei forteljing om ei kvinne som kom nær Jesus. Ho vætte føtene hans med tårene sine og tørka dei med håret sitt. Og søndag etter påske skal Peter tre gonger få spørsmålet frå Jesus: «Elskar du meg?» Det handlar om kjærleik. Det handlar om å få mykje tilgitt og derfor elske mykje.

Kjærleik er det grunnleggande i vår relasjon til Gud. «Høyr Israel! Herren er vår Gud, Herren er ein. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt.» (5 Mos 6,4f)

Gud bryr seg om vår kjærleik. Det er knapt noko som gjer så vondt som å elske og bli avvist. Då kjenner ein seg utan verdi og ein skammar seg kanskje over i det heile å ha trudd at nokon annan kunne elske attende. Men Jesus avviser ikkje vår kjærleik. Han vil at vi skal komme til han. Han vil ha oss som sine.

Det er mange måtar å elske Jesus på. Nokre vil bli kjent med han ved å lese om han i Bibelen og andre bøker. Dei grunnar på ordet dei les, og Jesus blir levande for dei. Andre elskar ved å tene dei minste som Jesus elskar og identifiserar seg med. Dei elskar Jesus gjennom kjærleikshandlingar mot nesten. Andre igjen lever i eit spesielt nært forhold til Gud gjennom bønn.

Gud vil ha oss. Han har skapt oss til seg. Og det er toppen av menneskeleg lukke å vere hans.

Det er tilbeding i salven som kvinna helte ut over Jesus. Vi kan finne vår måte å tilbe på. Den dyre nardus-salven som vi har til disposisjon heiter kanskje tid.

Å, fikk jeg kun være den minste kvist

på vintreet ditt, Herre Jesus Krist!

Og måtte så aldri vi skilles igjen,

men elske og elskes som venn hos venn!

(Sigvald Skavlan, N13 nr.609)

 

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan leste siste andakt her.

Tilbake