Ord til ettertanke Marias bodskapsdag


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Marias bodskapsdag.

Tekst: Luk 1,46-55

«Maria sin lovsong»


«Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte opp dei låge.»

«Han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.»

Audmjukskap er å ikkje samanlikne seg med andre, sa Søren Kierkegaard. Det er rart når vi kjenner Guds omvende målestokk, at vi likevel samanliknar oss og ynskjer å vere betre, større, vakrare.

Å vere audmjuk er ikkje å gjere oss mindre enn vi er, men å erkjenne vår uverdigheit og avhengigheit.

Når Gud valde ut Israelsfolket, var det ikkje fordi det var eit stort folk. Nei, det var det minste av folka. (5 Mos 7,7)

«Det som ikkje er noko, det valde Gud seg ut, så han skulle gjere til inkjes det som er noko.» (1 Kor 1,28)

Paulus seier at vi har skatten i leirkrukker, så det skal vere klårt at den veldige krafta er av Gud og ikkje av oss. (2 Kor 4,7)

Når Gud valde seg ut Maria, når engelen kom til henne med bod om at ho skulle bli mor til Guds Son, var det på grunn av hennar audmjukskap og lydnad. På sett og vis var det slett ikkje på grunn av henne i det heile tatt, men på grunn av kva Gud kunne gjere i henne. Ho sto ikkje i vegen. Ho var Herrens tenestkvinne. Så skal vi alltid når vi har med Gud å gjere vite at det er han som handlar. Han skal ha æra.

Lydnad er eit glad tilsvar på Guds kall og kjærleiksfulle tiltale, ikkje eit resultat av tvang eller frykt.

Dei vise mennene som såg stjerna, trudde at den nye kongen måtte ha vorte fødd ved kongens hoff. Men til slutt fann dei fram til barnet og stallen.

Å, Maria, lær meg dine sanger!

Så jeg alltid elsker ham som vandret

Gjennom død og grav til lysets rike.

Du være lovet, Kristus!

                                                           (Eyvind Skeie N13 nr.130)

 

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake