Ord til ettertanke 3.søndag i faste


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 3.søndag i faste.

Tekst: Mark 9, 17-29
«Bøn og faste»

Jesus var komen ned frå fjellet. Han hadde vore der i lag med Peter, Jakob og Johannes. Der hadde han tala med Moses og Elia og høyrt Guds røyst. Då han kom ned vekte han undring og otte. Vi hugsar at då Moses hadde vore på Sinai-fjellet og tala med Gud, laut han legge eit klede over ansiktet, for folket kunne elles ikkje sjå på han. Slik skein det av andletet hans.
Det som møter Jesus når han kjem ned frå fjellet er ein gut som er plaga av ei vond ånd. Læresveinane kunne ikkje hjelpe. Men Jesus hadde autoritet. Han hadde autoritet fordi han var Guds Son og fordi han heldt seg nær til sin Far. Jesus sto ofte opp tidleg om morgonen for å be. Han kunne ikkje ha fullført si gjerning utan denne sterke relasjonen til Gud Fader.
Berre ved hjelp av bøn og faste kunne denne guten få hjelp. Det finst utfordringar og oppgåver også i våre liv som ikkje kan løysast utan at vi ber det heile fram for Gud. Læking og frigjering er ikkje noko simsalabim. Det er ikkje ein tryllekunst. Det er Gud som handlar, og han handlar på den måten han vil.
Jesus levde og talte i ei bestemt tid på ein bestemt stad og virka innanfor eit bestemt verdsbilete. Her vart ulike fenomen forklart med vonde ånder, medan vi oftast vil peike på fysiske eller psykiske årsaker. 
Det kan vere mange ting som bind oss. Det går an å vere sjuk og fri, eller frisk og bunden. Frigjering er oftast noko som skjer over tid i fleire stadiar. Jesus er sterkare enn dei kreftene som held oss bundne, men heilt frie blir vi først når Gud tek oss til seg.

Dødsrike og avgrunn ligg opne for Herren,
kor mykje meir då menneskehjartet.        (Ordt 15,11)


Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake