Ord til ettertanke 1.søndag i faste


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 1.søndag i faste.

 

Matt 16,21-23
«Gud sparte ikkje»

Tragedie rammar. Vi ser dagleg på fjernsynet ufatteleg liding og naud. Ute i verda eller i vårt eige lokalsamfunn. Det gjer inntrykk på oss ei lita stund. Så går livet vidare. Kanskje er det slik det må vere.
Annleis er det med våre næraste og kjæraste. Tragedien må ikkje ramme dei! Det skrik i oss ved tanken på at ein av våre må lide vondt. Tanken på at Jesus skulle lide og døy var utåleleg for Peter. Dette viser kor nær Peter stod Jesus, kor glad han var i Han. «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg!»
Våre eigne vil vi spare for ulukke om det i det heile tatt er mogleg. Ikkje slik med Gud. Han sparte ikkje sin eigen Son, men gav Han for oss alle. (Rom 8,32) Derfor vart Peter så kraftig irettesatt. Peter ville spare. Gud ville gi.
Jesu død var meiningsfull i høgste potens. Derfor var freistinga til å vike unna så farleg. Derfor måtte Jesus bruke dei sterke orda «Vik bak meg, Satan». Det var mykje som stod på spel.
Jesus måtte inn i nederlaget for å vinne ein endå større siger. Han måtte betale den høgste prisen for å vinne den største gevinsten. Prisen var døden på krossen, og med den vann Han fridom for alle menneske. Fridom til å verkeleggjere gudsbiletet og ha heime hjå Gud, Jesu Kristi og vår Far.

Med den kjærlighet som bandt oss
til ditt liv, er du iblant oss.
Ja, ditt nærvær gjennombever
dypet i oss, og vi lever:
Vi skal seire ved å tape,
vi skal dø, og du skal skape
i vårt liv ditt eget bilde,
Jesus, livets grunn og kilde!

(Svein Ellingsen etter Johann Franck  N13 nr 604 vers 3)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake