Borgund menighet > Vis


Bøn i fastetida - Palmesøndag


Kirkens Nødhjelp har laga eit opplegg for fastetida rundt lysa i regnbogens fargar. I kyrkja vil vi bruke bønene – og vi vil legge opplegget ut her på heimesida slik at du kan bruke det i din heim.

Fastetid er tid å førebu seg til påske.  I fastetida går vi med Jesus opp til Jerusalem.  Vi lærer av Jesu kjærleik og at vi også kan lide med dei lidande, bygge med dei som er heimlause og vere stemme for dei som er utan stemme.  Vi kan kvile i håpet om eit nytt liv, for oss sjølve og for andre.  I denne tida kan vi tenne lys i regnbogens fargar, og dei minner oss om håp.  Vi tenner eit lys kvar veke i fastetida, og begynner med det raude på askeonsdag 17. februar.  Så tenner vi neste lys kvar søndag til palmesøndag.  Du kan tenne lysa heime også og bruke bønene som står her kvar veke.  Regnbogen er eit håpsteikn, eit teikn på at ein ny start alltid er mogleg.  Dette håpsteiknet tek vi med oss inn i fastetida, fram til påske. Det står skrive i Jobs bok:  «For eit tre finst det håp:  blir det felt, veks det opp att, det skal ikkje mangle friske skot.»  (Job 14,7)

Bøn til dagane frå og med Palmesøndag

Kjære Gud, takk for at du gav oss Sonen din, Jesus Kristus, som vart prøvd i alt som vi opplever;  blant det, sorg, smerte, einsemd og frykt.  Vi ber om fred, rettferd og felleskap for alle menneske.  Minn oss daglig om at det er vi som er dine hender og føter på denne vegen.

Amen.

Tilbake