På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Kristi forklåringsdag.
Tekst: Mark 9,2-13
«Jesu herlege og skrøpelege lekam»
Når vi har vore på fjellet og sett noko av Jesu herlegdom og stordom, når vi har sett lekamen hans skine som lyset i stjernene, når vi har sett kleda hans lyse kvitare enn noko på jorda, vil vi ikkje gjerne ned att. Og i alle fall kan vi ikkje tenke at Jesus vil ned att. Derfor foreslo Peter at han og Jakob og Johannes kunne bygge hytter til Jesus, Elia og Moses på fjellet så dei kunne bli verande der. Men Jesus ville ned. Samtalen mellom Elia, Moses og Jesus handla ifølge Lukasevangeliet om kva ende Jesu jordeliv skulle få og kva han skulle fullføre med dette. Jesus var klar for å legge av seg herlegdomslekamen og igjen bli jordisk skrøpeleg.
Vi har alle skrøpelege dødelege kroppar. Vi er sårbare for så mykje at skulle vi rekne det opp vart det ei lang, lang liste. Men desse kroppane skjuler noko. Dei skjuler frøet til ein herlegdomslekam som har heime i ein annan dimensjon, hjå Gud.
Den anglikanske teologen Tom Wright seier dette om forklåringa på fjellet: «This is a sign of Jesus being entirely caught up with, bathed in, the love, power and kingdom of God, so that it transforms his whole being with light, in the way that music transforms words that are sung.»
Det er noko med lyset. Gud «bur i eit lys dit ingen kan koma» (1 Tim 6.16). Då Moses kom ned frå fjellet etter å ha tatt imot dei ti boda frå Gud, stråla andletet hans. Han måtte legga eit slør over andletet kvar gong han hadde tala med Gud (2 Mos 34). Nokre gonger når menneske har tiltrekningskraft på oss er det som om det er eit lys som skin om dei og gjennom dei. «For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.» (2 Kor 4,6)
«Stå opp, bli lys, for ditt lys kommer, halleluja,
og Herrens herlighet går opp over deg. Halleluja.» (N13 919)
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.