På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Såmannssøndagen.
Tekst: Mark 4,26-34
«Tenk stort om det lille»
Teksten denne søndagen inneheld to likningar om Guds rike; ei om den mysteriøse veksten som skjer frå frø til ferdig plante og ei om korleis det vesle sennepsfrøet kan bli til eit stort og nyttig tre. Det ligg eit sterkt håp i dette at frø kan bli til plante og det vesle og tilsynelatande verdilause kan bli stort og nyttig.
Frøa som vi sår kan vere tankar, ord eller handlingar. I amerikansk politikk har vi blitt minna om at «words matter». Alt vi tenkjer, seier eller gjer betyr noko. Den amerikanske meteorologen Edward Lorenz heldt eit foredrag i 60-åra der han formulerte det som skulle bli kalla «sommerfugl-effekten»: Vengeslaga frå ein sommarfugl i Brasil kan utløyse ein tornado i Texas. Små endringar i tilhøva ved eit visst tidspunkt kan forplante seg og gi store verknader seinare. (SNL) Dette fenomenet har sin plass innanfor det som heiter kaosteori, som er ei grein innan matematikken. Her handlar det om samanhengar og forløp som ikkje kan bereknast på førehand. «I disse systemene vil en ørliten endring i hvordan systemet starter endre den videre oppførselen til systemet radikalt.» (SNL)
Dette er det motsette av fatalisme, det at det ikkje nyttar, at det ikkje spelar noka rolle kva eg tenkjer, trur, seier og gjer. Tvert imot blir alt viktig. For alle augneblinkar kan vere slike startaugneblinkar, som såkorn sådd i jorda som gir si grøde ein gong i framtida. Små justeringar kan ha stor effekt.
Nokre gonger er verda eller eg som einskildmenneske inne i ei negativ utvikling. Då trengs det ein snuoperasjon. Kan vi finne eit punkt der vi kan gi Gud makt? Arkimedisk punkt er eit omgrep som kjem frå Arkimedes sine ord: «Gje meg eit fast punkt, og eg skal bevege heile jorda.» Vårt faste punkt er Gud. Vi treng å spørre etter Guds vilje og finne eit lite frø som vi kan så – ein sommarfuglvinge som kan byrje slå.
Eit ord, eit lite vørdlaust ord kan sløkkja mykje fagnad
og drepa lukka åt vår bror og snu hans ljose lagnad.
. . . .
Eit ord, eit godt og velmeint ord kan lækja mein og skade
og sessa sorg ved gaman-bord og gjera tårer glade.
(Anders Hovden, NoS nr.700)
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.