På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 4.søndag i openberringstida.
Tekst: Joh 9,1-7.35b-38
«No kan Guds gjerningar bli openberra på han»
Den blindfødde fekk synet.
På kva måte kan Guds gjerningar bli openberra på oss?
Det er alt Guds verk. Dersom Gud får omskape våre liv, er det Guds gjerning frå først til sist. Dersom vi i løpet av livet lærer kva kjærleik er, så er det Guds gjerning. «For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.» (Fil 2,13) Når Guds gjerningar vert openberra på oss, blir det «til lov og ære for hans herlegdom». (Ef 1,6)
I leseteksten frå det gamle testamente denne søndagen høyrer vi om Moses som blir kalla av Gud til å leie israelsfolket ut av Egypt. Gud viste sin herlegdom på Moses. Han var ikkje i seg sjølv rusta til den oppgåva han fekk. Men: «Guds plan og utveljing skulle stå fast og er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar.» (Rom 9,12)
Kan Gud gjere noko med verdssituasjonen, ikkje berre med våre individuelle liv? Det slår meg at vi treng dette, kanskje meir enn nokon gong. I kyrkja får vi vere med å be om det. Kvar søndag ber vi «for kyrkja og verda».
Den anglikanske teologen Tom Wright skriv håpefullt i ein kommentar til vår tekst: «The chaos and misery of this present world is, it seems, the raw material out of which the loving, wise and just God is making his new creation.» Lat oss bli vakne for Guds handling med oss og med verda.
Nokre gonger seier Gud:
Vent!
Det er ikkje sikkert
at Han ikkje har høyrt deg
Det er ikkje sikkert
at Han har sagt nei:
Det skal lagast
Det skal formast og eltast
og knaast
Så vent!
Vent med håp i blikket!
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.