Ord til ettertanke 3.søndag i openberringstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 3.søndag i openberringstida.

Tekst: Joh 4,4-26
«Gje meg det levande vatnet»

«Om du hadde visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» 
Kvinna hadde tilgang på vatn frå brunnen og kunne gje det til Jesus som var tørst og ikkje hadde noko å dra opp vatn med. Ho rådde over vatnet i brunnen. Jesus rår over det levande vatnet, og han kan gje det til den som ber om det. Jesus har Guds liv i seg. Han er levande på ein måte vi berre kan drøyme om, fordi han er Gud. Eg trur kvinna ved brunnen merka dette. Eg trur ho merka kven Jesus var og at det var dette som gjorde at ho fekk tillit til han, like mykje som det han sa. Og med tilliten kom lengten til overflata, sjølv om ho knapt visste kva ho ba om.
Har du nokon gong sett på nokon og tenkt: «Eg skulle ønske eg hadde denne personen sitt liv med Gud.»? Dette treng ikkje vere misunning, men kan vere eit uttrykk for ein gudslengt og noko som kan bli omforma til medviten lengt og bøn. Vi skal ikkje bli lik den andre. Kvar har sitt eige liv med Gud. Men det at du ser at ein person lever sitt liv med Gud og at dette skaper ein lengt og ein tørst i deg, ikkje etter det samme, men etter ditt unike liv med Gud, er positivt og verdifullt.
Vi les frå Salme 42: «Som hjorten lengtar etter bekker med vatn, lengtar mi sjel etter deg, min Gud. Mi sjel tørstar etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg få koma fram for Guds andlet?»
Det handlar om tørst. Vi kan vere mette og utørste på så mykje. Eg veit ikkje kva du kjenner deg utørst på, men eg kan kjenne meg mett på både mat og underhaldning. I pandemien kjenner mange ein tørst etter tryggleik og menneskeleg kontakt. Kanskje kan vi bruke denne spesielle tida til å søke oppover og ta imot vatnet som ikkje kjem frå djupe brunnar, men som kjem ovanfrå «frå han som er Far til lysa på himmelen» (Jak 1,17).

Vi rekker våre hender frem
som tomme skåler.
Kom til oss, Gud, og gi oss liv
fra kilder utenfor oss selv.

(Svein Ellingsen, N13 nr.678)

Kari Kvangarsnes Miller
 

Tilbake