Borgund menighet > Vis


Helgetankar Aposteldagen


Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.

Tekst: Luk 5,1-11
«Menneskefiske»
Her byrjar eit heilt nytt kapittel i livet åt Simon og Andreas, Jakob og Johannes. Dei hadde vore fiskarar. No skulle dei verte menneskefiskarar
Dei hadde levd av å hente fisken ut av sitt rette og naturlege element så han kunne bli til mat på bordet. No skulle dei oppsøke menneske som ikkje var i sitt rette element og sette dei frie.
Dei skulle finne menneske som var fanga av synd og oppleve at Jesus sa til dei: «Syndene dine er tilgjevne», «Gå bort og synd ikkje meir» eller «Stå opp, ta båra di og gå». Jesus sette menneske fri frå synd og sjukdom, og læresveinane fekk vere med på dette.
Mennesket er ikkje slik som fisken i sitt rette element til det blir «fiska». Nei, det er slave av synda på måtar vi ikkje heilt kan gjennomskode. Vi lever i synda sitt rike og treng å bli henta ut frå dette og bli sette over i Guds rike.
I Guds rike gjeld andre lover. Der råder Gud med kjærleiken si makt.
Jesus lærte læresveinane å be: «Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen». Denne bøna ber vi framleis. Når vi let oss fange av Guds rike kjem vi i vårt rette element. Guds kjærleiksmakt er noko vi kan overgje oss til.
Ordet apostel tyder utsending, og vi er alle sendt – om ikkje ut så i alle fall inn i vår kvardag. Kanskje vågar vi å be denne bøna når vi går:

La meg være et kar 
og et beger
for Din kjærlighet
La folk få ta et bad
La dem få 
legge en byrde av
La dem så få drikke 
av din sterke gledens bekk
La tårene
aldri være langt borte
eller gleden vingestukket

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan leste siste andakt her.

Tilbake