Borgund menighet > Vis


Kunstutstilling i Borgund kyrkje - "SYKLUS"


Velkomen til Opning av kunstutstilling SYKLUS av Trine Røssevold Torsdag 29.oktober kl.18.00.

Trine Røssevold fortel om prosessen. Musikk ved Dag-Filip Roaldsnes. 

TRINE RØSSEVOLD viser utstillinga Syklus i Borgund kyrkje 29.okt – 8.nov 2026.

Trine Røssevold har laga ei utstilling med verk som har kome ut av ein personleg sorgprosess etter at mor hennar døde i 2025. I tida etter vart blomster, sløyfeband, praktiske handlingar og seremonielle ritual uttrykk for det som ikkje kunne settast ord på. Ho fotograferte blomstrane på grava gjennom frost, forfall og forvandling, og omsette dei til måleri på lange lerretsstrimlar som minner om dei kvite banda frå gravferdskransar. Motiva er ikkje blomster i seg sjølv, men spor av ein indre prosess – eit forsøk på å gripe det ubegripelige gjennom handlingar som kan virke uviktige, men som blir viktige fordi vi gjer dei. Inspirert av barokkens vanitas-motiv har ho forma måleria og gjort dei til skulpturelle objekt som no stillast ut i kyrkjerommet.
Utstillinga har fått tittelen Syklus, og måleria har titlar som Kveld, Morgon og Dag. Alt dette peikar mot ein tematikk som ikkje berre har sorg i seg, men også ein aksept og glede over at det etter ei mørk natt kjem ein morgon.
Verka som visast i Borgund kyrkje er blitt til gjennom det siste året. Her visast både lange skulpturelle, draperte måleri på lerret, og innramma måleri på plater. Felles for alle er tematikken, dramatikken og referansane til barokke stilleben.

Trine Røssevold er ein biletkunstar som bur og arbeider på Valderøya. Ho er utdanna frå Duncan of Jordanstone College of Art and Design i Dundee, Skottland og frå kunstakademiet i Wien, Austerrike. Gjennom sine mange år som kunstnar har ho deltatt i ei rekke gruppeutstillingar, og hatt separatutstillingar mellom anna på Kunstmuseet Kube, Møre og Romsdal kunstsenter og KHÅK kunsthall. Ho har vore festivalkunstnar for Høstscena og ho har gjort ei rekke prosjekt der ho har utfordra rammene for vising av arbeida sine. Mellom anna ved å stille ut måleri i undergangen under E136 i Ålesund sentrum.
Røssevold er, som biletkunstnar, fagpolitisk aktiv og ho er også rektor ved Ytre kunstfagskole i Ålesund.

Tilbake