Velkomen til foredrag med Helge Hognestad om Morgondagens kristendom? onsdag 23.september kl.18.30 i Moa biblioteket.
Borgund kyrkjeakademi i lag med Spjelkavik kyrkjeakademi og Moa biblioteket inviterer til foredrag med Helge Hognestad med tema Morgondagens kristendom?
Helge Hognestad (f. 1940) har gjennnom eit langt liv som prest, teolog og forfattar
engasjert seg i spørsmål om åndelegheit og religiøs søking, ofte i strid med gjeldande syn i kyrkja. Han utfordrar til ei opnare tolking av ord om at «Guds rike er midt iblant dykk» eller at «Kristus lever i meg». Kan morgondagens kristendom innebere nye måtar å forstå Jesu liv og død på? Vil potensialet i nestekjærleiken vakne og falde seg ut som den frigjerande krafta vi lengtar etter?
Mange åndeleg søkande finn hjelp og meining i Hognestad si mindre bokstavtru
tilnærming til evangeliet. Andre let seg provosere. Denne kvelden møter vi Hognestad sjølv og får bli nærare kjent med korleis han ser for seg framtidas kristendom.
Velkomen!
VIPPS 11 50 75