Søndag 9. november kl. 18.00. Detter er også siste sjanse til å sjå utstillinga "Morgondagen er eit anna land" med blilete av Roar Goksøyr Lillebø.
Søndag 9. november kl 18 er det konsert med Ørstakoret i Borgund kyrkje (Ålesund).
Der har ein i fleire år arrangert kunstutstilling i tida rundt helgemesse (allehelgensdag).
I år er det Ørstakoret sin dirigent Roar Goksøyr Lillebø som er invitert til å stille ut nokre av dei bileta han har laga siste fire åra.
Han vil også prege deler av programmet i konserten. Ein vil få høyre musikk han har laga til tekster av Jakob Sande, Anders Steinnes, Jon Fosse og Håvard Rem.
Andre komponistar/arrangørar er td Grieg, Grimstad, Bruckner og Aarset.
Sjølve utstillinga opnar 30. oktober og vert altså avslutta med Ørstakoret sin konsert 9. november.
Billettar: Vaksne kr. 200,- (Vipps eller kontant)
Barn og studentar gratis.