Borgund menighet > Vis


Kunstutstilling i Borgund kyrkje - "Morgondagen er eit anna land"


Opningsprogram med musikk og lyrikk torsdag 30. oktober 18.00.

Kari Kvangarsnes Miller, tekstlesing. Timothy Miller, orgel.

Kunstutstilling med av bilete Roar Goksøyr Lillebø

Programmet markerer opning av kunstutstilling som blir å sjå i Borgund kyrkje fram til og med 9. november.
Roar Goksøyr Lillebø er nok mest kjend som musikar og komponist, men her presenterer han eit utval av ein stor produksjon frå dei siste 4 åra. Sjå opningstider nedst i denne teksten.

Kari Kvangarsnes Miller er frå Emblem, men har budd i Rogaland sidan 1994. Ho arbeidde som cellopedagog på kulturskulen i Sandnes frå 2001 til 2020. Sidan då har ho vore vikarprest i domprostiet i Stavanger.
Fordi poesien er eit vakkert språk, kan han tale om ting vi elles ikkje så lett finn ord for. Kari vil lese dikt av Kolbein Falkeid, Hans Børli, Eyvind Skeie, Jon Fosse, Finn Øglænd, Johann Grip og nokre av hennar eigne dikt.

Timothy Miller er engelsk organist og pianist, musikkteoretikar, dirigent og komponist. Han har budd i Norge sidan 1990. Han arbeidde i mange år ved universitetet i Stavanger, avdeling for kunstfag.
På programmet står stykker av den engelske komponisten Samuel Wesley (1766-1837). Han var nevø av John Wesley, grunnleggjaren av metodismen. Samuel Wesley var for det meste sjølvlært som komponist og viste interesse ikkje berre for fortidas musikk – han stod i s pissen for ei fornya interesse for musikken til J S Bach – men også for trendar i samtida. Wesley var mellom dei første engelske komponistane som tok til seg den «klassiske» stilen ført an av Joseph Haydn.

Opningstider og program:

Torsdag 30. oktober kl. 18.00: Opning med diktlesing og musikk. Kyrkja er open til 20.00.

Laurdag 1. november: Open kyrkje kl. 13.00 – 15.00 Familiesamling kl. 15.00 i menighetshuset.

Søndag 2. november: Gudsteneste kl. 11.00. Open kyrkje 12.30 - 14.00.

Onsdag 5. november: Open kyrkje 14.00 - 16.00 og 18.00 – 20.00.

Laurdag 8. november: Open kyrkje kl. 12.00 – 14.00.

Søndag 9. november: Gudsteneste kl. 11. Open kyrkje kl. 12.30 - 14.00
Konsert kl. 18.00. Ørstakoret. Dirigent Roar Lillebø (Vaksne kr. 200,-)
Open kyrkje 19.00 – 20.00.

 

Tilbake