Borgund menighet > Vis


Gudsteneste på Kvinnedagen


Borgund kyrkjelyd inviterer til gudsteneste på den internasjonale kvinnedagen, lørdag 8. mars i Borgund kyrkje kl 18.00.

På den internasjonale kvinnedagen, lørdag 8. mars 2025, ønsker 8.mars-komiteen i Borgund menighet velkommen til temagudsteneste i kyrkja kl 18.00 med kyrkjekaffi etterpå i kyrkja.

Temaet i år er «I ring rundt bålet»
Vi blir utfordra til å reflektere over sirklar vi kjenner eller ønsker å finne ein plass i. Vi får tenne lys, skrive ei bøn og gi ei gåve. I nattverdsmåltidet får vi dele brød og vin og vere med i den verdsvide ringen som har plass for alle.

Takkoffer til Kirkens Bymisjon.   Bymisjonen har opne dører og låge tersklar, og inkluderer særleg menneske som har falle utanfor eller treng å finne ein sosial ring med plass for akkurat den dei er.

Song v/Vilde Hoel Roaldsnes og Tuva Roaldsnes Sæther

KFUK-forum Ålesund inviterer alle til kyrkjekaffi i kyrkja etter gudstenesta.

Ta gjerne med ein venn, alle er velkomne!

Tilbake