Borgund menighet > Vis


Meldingsbrev frå Borgund og Ellingsøy veke 21


Les meldingsbrev frå begge sokneprestane våre.

Gode medarbeidarar!
Vi som fekk vere med på gudsteneste i Borgund kyrkje Kristi Himmelfartsdag, sit att med ei god kjensle av at det var godt å kome i gang igjen.  Ved inngangen vart alle som kom registrerte med namn og tlf. nr.  med tanke på smittesporing slik helsestyresmaktene har pålagt oss.  Lista vert makulert etter 10 dagar.  
Det var også nattverd denne dagen etter dei nye reglane, og det var litt uvant, men høgtideleg og godt var tilbakemeldingane.   

Komande søndag, 24.mai, er det dåpsgudstenester i Borgund kyrkje og open kyrkje kl. 13-14.  
På Ellingsøy er kyrkja open frå kl. 12-14.   Vi ser for oss at kyrkja er open på søndagar kl. 12-14 nokre søndagar framover også når det er gudsteneste.

Tysdag 26.mai 1930 har sokneprest og diakon invitert frivillege medarbeidarar til ‘smittevern-kurs’ i Ellingsøy kyrkje.  Det vil bli halde eit slikt kurs også i Borgund i juni.  
Brosjyre med informasjon til neste års konfirmantar er ferdig utarbeidd, og vil bli sendt ut med det første.  

Bryllaup    Tidlegare i år kunne vi registrere 48 par som ynskjer å bli vigde i Borgund kyrkje.  Grunna corona-situasjonen har ein del utsett bryllaupet til seinare i år, og nokre til 2021.  

Dåp        Fleire av dei som har utsett  dåp  i familien, kjem no tilbake.  Derfor gjennomfører vi dåpsgudstenester med inntil 50 deltakarar til stades mange søndagar framover.

Mellomtid    Peter Halldorf kommenterer tida mellom Kristi Himmelfartsdag og Pinse for disiplane:  «Dette er en hels spesiell periode i kirkeåret, ni dager da disiplene er overlatt til seg selv etter at Jesus har vendt tilbake til Faderen, og før Ånden blir sendt dem.  En tid preget av stillhet, venting og inderlig bønn om åndelig fornyelse, dagen fylt av lengsel etter en ny pinse.»  
Søndag før pinse blir en stille forventning til Åndens komme(Torstein Nordal)
Evangelieteksten finn du i Johannes 15,26-27.  

Helsing Reidar Standal - tlf. 90631278 og Kari Vatne –  tlf. 92065380
sokneprestar
 

Tilbake