Borgund menighet > Vis


Meldingsbrev frå Borgund menighet


Kvar veke forfatter sokneprest Kari Vatne eit meldingsbrev. Her finn du brev frå veke 17.

Meldingsbrev 5 frå Borgund kyrkje

Vi er så heldige at søster til Kjetil organist; Kari Kvangarsnes Miller som også er presteutdanna nyleg vil skrive søndagsandakter for oss annakvar søndag. Det er vi svært takksame for! Du kan lese den nyaste andakta hennar komande søndag på heimesida vår.
Ellers arbeider vi mykje med dei nye gravferdsreglane der no 50 kan vere tilstades. Det er viktig med handvask – halde 2 meters avstand og bruke  kvar 3. benk i kyrkja. Ein prøver å unngå samanstimlingar og nærkontakt. Det kjennest underleg, men slik må det vere no. Men vi er glade for at deltakartalet er oppjustert. Ellers såg kanskje nokre av dykk frå Borgund på Dagsrevyen sist laurdag om at vi oppfordrar brudepar til å tenke alternativt. Det ligg ute ein artikkel på nrk.no om saka og på Borgund menighet sine sider.
Vi har endra på opningstider for open kyrkje søndagar til 12-14 slik at vi greitt kan ha dåpsgudstenester kl. 11. Vi arbeider no med å tenke fram mot pinse og kanskje ha noko liknande som påskedag, med korsong og ei eller to enkle begrensa samlingar. Dette vil vi kome tilbake til. Biskopen sine signal er at det truleg ikkje vil vere vanlege gudstenester før 15. juni i alle fall.
I staben har dei som har skulebarn mest heimekontor, og vi andre er på kontoret med god avstand nokre dagar. Vi prøver å rydde litt og å førebu oss på gjenoppstart etterkvart. Barnehagen opna onsdag denne veka, og 19 av 27 barn er tilbake. Kjekt med liv og røre rundt menighetshuset igjen!
Vi høyrer rapportar om juledukbrodering – 3 ferdige fortalte ei, kryssordløysing, telefonsamtalar og lesing av bøker.  Meld gjerne tilbake om kva de styrer med! Kjell Antonsen gjekk av med pensjon 1. april og Eero Voitk som har hatt ei delstilling på Ellingsøy og vore mykje her, begynte samme dato i 100 % stilling i Borgund. Det er vi svært glade for!
Neste veke vil ny konfirmasjonsdato i haust verte utsendt til famliane, og sidan det er 1. mai neste fredag blir det no 2 veker til neste meldingsbrev. Men om du lurer på noko, send oss ein mail eller ring. Alt godt – det blir fint å møtast igjen og vi håper det blir om ikkje så altfor lenge!                                         
 Vårhelsing frå Kari prest tlf. 92065380

Tilbake