Harpe og fiolin Borgund kyrkje


Konsert med Miranda Janse, harpe og Øivind Skatvedt Robak, fiolin
Borgund kyrkje søndag 26. mai kl. 19.00

Fiolin og harpe er ein sjeldan instrumentsamansetning og ikkje mange originale komposisjonar er skreve for ein slik duo.
Men fiolin saman med harpe har svært stort dynamisk spekter og det gir rom for utruleg mange vakre nyansar.

Repertoaret er mellom anna:
Camille Saint-Saëns: Fantaisie
Louis Spohr: Sonate for fiolin og harpe i C-moll
Nicolai von Wilm: Duo for fiolin og harpe

Miranda Janse er født og busett i Nederland. Ho er utdanna frå Musikkakademiet i Rotterdam og tok mastergrad etter å ha studert i Wien hos Anneleen Lenaerts, soloharpist i Wienharmonien.

Janse har vore orkesterharpist og soloharpist mange orkester i Europa. Ho spelar også kammermusikk i ulike format og har ofte solooppdrag på ulike festivalar.

Øyvind Skatvedt Robak vart først utdanna ved Musikkonservatoriet i Trondheim på fiolin og bandoneón og spesialiserte seg etter det på bandoneón og tango i Paris med professor Juan José Mosalini. Som fiolinist vert han ofte leigd inn av ulike orkester, kor og alle typer prosjekt med samansett ensemble i fylket og i nabofylketHan har vore konsertmeister i symfoniorkesteret ve høgskulen i Volda sidan 2011. Robak har alltid spelt kammermusikk og det siste året har duoformatet med harpe vorte ein realitet og Miranda Janse og Øyvind Skatvedt Robak konsertar i både Noreg og Nederland

Konserten er støtta av Stiftelsen Kjell Holm og Kulturrådet.

Billetter kr. 200,- ved døra. Vipps eller kontant.
Barn og studentar gratis.

Tilbake