Borgund kyrkje i Ålesund


Borgund - kyrkjestad i 1000 år

 

Historie

Borgund var sannsynlegvis eit gammalt religiøst og kulturelt sentrum alt i førkristen tid på grunn av si sentrale plassering på Sunnmøre. Ein reknar med at det har stått kyrkjer her frå den første kristningstida, altså omkring år 1000. I siste halvdel av 1100-talet stod det truleg fire kyrkjer i Borgund, like mange som i Oslo på same tid.  Ein har tydelegvis prøvd å etablere eit kyrkjeleg senter mellom Bergen og Trondheim. Dette fekk meir å seie etter kvart som Selje bispesete og kloster mista sin innverknad.


Dei fire kyrkjene var :

Peterskyrkja: Murane i denne utgjer i dag korsarmen i Borgund kyrkje, kanskje frå 1130.

Margareta-kyrkja var plassert på neset ved Klokkersundet, nedanfor middelaldermuseet. Tomta er delvis utgraven. Murane herifrå blei i 1632 brukte til å byggje opp det som no er korpartiet i Borgund kyrkje.

Kristkyrkja: Det er sannsynlegvis murane etter denne ein har funne mellom løebrua og paktarbustaden ved nedkøyrsla til prestegarden.

Matteus-kyrkja:  Fysiske restar etter denne er ikkje funne, men kyrkja er nemnt i engelske middelalderskrifter der også namnet biskop Tore av Borgund er rekna med mellom dei norske biskopane.

Kyrkjene forfall i seinmiddelalderen etter at Borgund hadde mista funksjonen sin som sentralt handelssentrum. Berre Peterskyrkja stod igjen. Saman med delar av murane frå Margareta-kyrkja utgjer ho grunnstamma i noverande Borgund kyrkje. Langskipet i sør blei bygd til i 1868.

http://aalesundfr.dnn2.labora-portal.no/portals/100/Bilder/Kirkene/Borgund%20gamle.jpgKyrkjebrann og gjenreising

Det var ein kulturhistorisk tragedie då den vakre barokkyrkja frå 1600-talet brann ned 13. april 1904. Men folket gjekk saman og bygde opp igjen kyrkja innanfor middelaldermurane. Ho blei vigsla på nytt 7. august 1907.

Arkitektane Christian og Hans Fürst frå Oslo teikna kyrkja og leidde arbeidet. Slik kyrkja framstår i dag, har ho romanske trekk (rundbogestil), mens  treskurden er i barokkstil. Arkitekt Nicolai Meijdell (f. 1877) har skore altertavla som er kosta av prost Dietrichson. Preikestolen er skoren av Hans Johan Johannessen (f. 1851)  og kosta av Rønneberg-familien. Figurane på gallerifrontane er av biletskjerar John Johnsen. I tillegg har mange andre vore med, m.a. Lars Kinsarvik og Johannes Rykken.

Interiøret

Inngangen. Legg merke til dørhandtaket:  to samantvinna slangar er bundne i ein lås der dua og vatnet er symbol. Slik fortel det at vondskapen blir bunden av dåpssakramentet.

Treskurden ved inngangen langs orgelgalleriet skal vise at menneske frå alle yrke og sosiale lag er velkomne i Guds hus. Gud gjer ikkje forskjell på folk.

Vestgalleriet.   Desse figurane kan vere Abraham, Moses, Josef, Kong David (eller Salomo, tempelbyggjaren), profeten Jesaja og statthaldaren Nehemja, alle frå Det gamle testamentet.  Dei vitnar om det som skulle hende. Midtpartiet viser tempelsøylene i Jerusalem.

Austgalleriet. Kongane står for kristninga av Noreg - frå venstre:
Håkon den Gode, Olav Tryggvason, Olav den Heilage, og  Olav Kyrre (eller Magnus den Gode.)  Dei fire englane mellom kongane er tolka som skapnader med ulike oppgåver; frå venstre: invitasjonen, lovsongen, trua og hyllinga.

Middelalderalteret  mot aust stod i anten Peterskyrkja eller Margareta-kyrkja.  Det har eit lite relikvierom i alterplata. I austgangen står ein gravstein frå tidleg middelalder.

Preikestolen.  (Under:) Johannes Døyparen ber heile Jesu historie på ryggen. Jesus sa om Johannes: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men sjølv den minste i Guds rike er større enn han. (Lukas 7,28)
Relieffa langs trappa og rundt preikestolen framstiller Jesu liv frå fødselen i stallen til bøna i Getsemane.  Legg merke til enka som gir alt ho har; barnet hennar legg mynten i tempelkista.  Mellom relieffa på preikestolen står fem heroldar (utroparar) med basunar.

Baldakinen over preikestolen framstiller dei sju diakonane med Stefanus i midten då han blei steina og såg Jesus ved Faderens høgre hand. 

Altertavla  har same trekk og bilderikdom som i den gamle kyrkja. Midtpartiet viser Jesu død på korset, og (over, i lys eik) oppstoda og sigeren over døden.  Mellom korsmotivet og oppstoda ligg syndefallet der Adam og Eva blir drivne ut frå Paradishagen.  Øvst står Jesus som den himmelfarne. Han tar imot oss med opne armar. 
Erkeenglane Mikael, Uriel, Rafael og Gabriel står vakt langs kanten.  Mellom søylene ser ein dei fire evangelistane med kvar sine symbol: Markus – løve; Matteus – engel; Lukas – okse; Johannes – ørn.  Elles ser ein mange ansikt både på altertavla og rundt om i heile kyrkja.

Døypefonten har oppheisbart lokk (himling) med stjerner i tauet, eit ope samband mellom himmel og jord. Maria med Jesusbarnet står på toppen.  Englar rundt himlinga og fotstykket ber fram gåver og oppgaver vi får i dåpen:  glede, glød, bøn, Guds ord.

Glasmåleria i koret er laga av glasmeister G. A. Larsen, Oslo, og har motiv frå Det nye testamentet.  Glasmåleria på orgelgalleriet er laga i England, og viser læresveinane Johannes, Peter og Jakob.

Orgelet frå 1981 er bygd av Marcussen & Søn, Aabenraa i Danmark. Det er mekanisk med tre manualar, 35 stemmer og 2.240 piper. Ornamentikken i orgelfronten er gjort i eik av treskjeraren Oddvin Parr.

Orgelpositivet i koret er laga av Paul Ott, Tyskland.

Kyrkjeskipet er eit nyare symbol i norske kyrkjer.  Det som heng ved inngangen til Borgund kyrkje er kopi av åttringen, ein lokal båttype. Båten stemner alltid mot alteret, lik kyrkjelydens reise i livet mot ein evig hamn.   Masta er eit kors, seglet er trua, og drivkrafta er den Heilage ande, ifølgje gamle skrifter. Guds ord er kompass, håpet anker, bøna ankertau og Gud sjølv er trufast ankergrunn.

1130   Peterskyrkja av marmor med alteret mot aust

1632   Koret med alter bygd ut mot nord med stein frå m.a. Margareta-kyrkja.  Sjå gammalt relieff på vegg til venstre for altertavla

1868   Utviding med sørleg korsarm. Alteret plassert mot sør

1904   Borgund kyrkje brann ned

1907   Kyrkja blei gjenreist og vigsla på nytt. Hovudtrekka i kyrkjekunsten blei tatt vare på

1981   Noverande orgel tatt i bruk

2007   100-årsjubileum med arr. kvar månad heile året

 

 

VELKOMEN TILBAKE! 

Sjå tavla utanfor kyrkja for gudstenester og andre arrangement.

Tilbake