Lys Vaken


Alle som går i 5. trinn, både døypte og ikkje, får eit unikt høve til å overnatte i kyrkja. 

 

Lys Vaken går over to dagar; laurdag og søndag. Lys Vaken startar laurdagen, og vi blir saman i kyrkja heilt til søndagen. Under Lys Vaken har vi det gøy saman og blir kjent med kyrkja på ein heilt spesiell måte. Barna deltek med heile seg, og vi har leikar, aktivitetar og mykje moro. Å vere Lys Vaken handlar om å vere lys vaken for seg sjølv, kvarandre og Gud, Det er tross alt mykje meir moro når vi er vakne og engasjerte i det som skjer, ikkje sant?

Til søndagen og gudsteneste har barna vore med på å forme det som skal skje. Under gudstenesta skal barna også få utdelt bibelen sin. Vi oppmodar flest mogleg av barnet sine kjente og kjære til å kome og oppleve gudstenesta samen med barnet.
 

 

Tilbake