Velkommen til hyggeleg samling i Borgund menighetshus på onsdag 3. mai kl 12.00.
På Formiddagstreff denne gongen får vi høyre frå Finn Refsnes som skal vise undervatnsbilete og fortelle om Norsk undervatnsnatur.
Godt felleskap med program, kaffimat, andakt, song.
Finn Refsnes, akvarist ved Atlanterhavsparken, er den som har ansvaret for at fiskar og dyr får rett og nok mat på akvariet. I tillegg til å vere akvarist, er han også ein meget dyktig fotograf. Han stortrives i vatnet og er ein populær dykkar i det daglege dykkershowet.
Bli med på Formiddagstreff og høyr og sjå under overflaten!
ALLE VELKOMNE!