Ord til ettertanke (6.april)


Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord. 

Bli med på 4-retningsbøn.   
Denne bønnen fint å bruke inne eller ute i naturen, enten hjemme eller på tur.
Selv om vi ikke kan be sammen som en stor gruppe, som på menighetens dag, binder den oss sammen likevel.  Vi ber sammen fra alle retninger og mot alle retninger.  God påskeuke.

 

Forbøn  -- 4-retningsbønn
 
1)    (kyrkjelyden vender seg mot aust)
     Vi vender oss mot aust og soloppgangen. Gud vere lova for nye dagar,
     nytt liv og ny start. 

2)    (kyrkjelyden vender seg mot sør) 
Vi vender oss mot sør og takkar Gud for dei menneska som gjev varme til vårt liv og som hjelper oss å vekse og utvikle oss. 

3)    (kyrkjelyden vender seg mot vest)  
Vi vender oss mot vest og solnedgangen. Vi lovprisar Gud for natta, kvile og tryggleiken ved livets slutt. 

4)  (kyrkjelyden vender seg mot nord) 
      Vi vender oss mot nord og tenkjer på kulde, vanskar og utfordringar
     som er ein del av livet. 

5)  (kyrkjelyden vender seg mot alter igjen og bøyer mot jorda)  
      Vi bøyer oss ned for å røre ved moder jord og takkar Skaparen for det
     som held oppe vårt liv.

6)  (kyrkjelyden løfter hendene mot himmelen)  
      Vi ser opp mot himmelen og lovprisar Gud for draumane og vonene
     våre.

7)  (kyrkjelyden bukkar til kvarandre)  
      Vi vender oss mot kvarandre og takkar for at vi har funne ein plass
     midt i Skaparen sitt univers.

8)  (kyrkjelyden vender seg mot alter igjen og folde hendene)
      På denne måten blir vi minna om Guds mektige gjerningar og om
     kjærleiken til våre medskapningar. Saman kan vi gå framtida i møte.

 

Du kan lese gårdsdagens andakt her.

Tilbake