Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord.
ONSDAG 1. april
Bøn om styrke og innsikt
14 Difor bøyer eg mine kne for Far,
15 han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.
16 Må han som er så rik på herlegdom,
styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.
17 Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua
og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.
18 Må de saman med alle dei heilage
få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,
19 ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.
Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!
20 Han som verkar i oss med si kraft
og kan gjera så uendeleg mykje meir
enn alt det vi bed om og skjønar,
21 han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus
gjennom alle slekter og i alle æver! Amen.
Paulus brev til efeserne 3,13-21
Desse orda frå Paulus til menigheten til Efesos, er også ord til oss i dag.
Min bøn i dag er denne: Må han som er så rik på herlegdom, styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande. Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik. Amen.
Du kan lese gårdsdagens andakt her.