Gudsteneste


Kva gudsteneste er, kan samanfattast i dei fire orda saman for Guds andlet.

 

I gudstenesta kjem menneske saman for å søkja Gud. Å feira gudsteneste blir uttrykt slik i Salmane i Det gamle testamentet: å koma fram for Guds andlet, i glede og ærefrykt.

Vi kan ha mange og ulike grunnar for å gå til gudsteneste. Den djupaste grunnen ligg likevel ikkje i oss sjølve, men i at Gud kallar oss saman til gudsteneste.

Gudstenesta har sitt eige formål. Her tener Gud oss, og vi tener Gud, fordi Gud vil ha fellesskap med oss. Jesus Kristus stadfester dette når han seier at "der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei" (Matt 18,20).

I nesten to tusen år har den kristne gudstenesta vore feira - ig i vårt eige land i meir enn tusen år. Heile denne tida har gudstenesta hatt ein felles grunnstruktur, med Ordet og Nattverden som hovudelement., og med søndagen som dagen for feiring av Kristi oppstode og nærvær.

Teksten er henta frå "Gudsteneste for den norske kyrkja".

Tilbake