Frå barnetru til vaksentru


Korleis kan vegen gå frå ei barnetru, og til ei slitesterk vaksentru? 

 

Av Bjarte Hove, kapellan i Spjelkavik

Det er mange som fortel om barnetrua: Det var kveldsbøna med mor eller far som gav meg barnetrua. Det var ei trygg og god barnetru. Gud passar på oss som bur i dette huset. Han sender sine englar. Jesus er min ven. Vi kan be til Jesus. Han høyrer bønene våre.

 

Sjølve kveldsbøn-sangen eller regla fins mange variantar av. Til dømes denne:

Kjære Gud jeg har det godt - takk for alt som jeg har fått.
Du er god, du holder av meg! Kjære Gud gå aldri fra meg!
Pass på liten og på stor. Gud bevare far og mor
 - og alle barn på jord

Barnetru: Kveldsbøna

Omtrent slik som ovenfor kan ei god og trygg barnetru sjå ut. Slik var også trua mi. Den vart forma av ritualet: å leggje seg om kvelden. Etter kveldsstell var det tid for å syngje godnattsang, og be kveldsbøn. Det var ei kort bøn. Vi bad for mor og far, søster og bror, besteforeldre og naboungane. Vi bad for tre gutar i eit anna land som ikkje hadde hadde det så godt som eg. Og så sa vi God Natt. Og slik var det – på akkurat same vis – kvar einaste kveld i heile barndommen. Barnetrua vart støypt av repetisjon og varme.

Eg er umåteleg glad for den gåva eg fekk i det å få eige ei barnetru. Den var nemleg mi eiga. Kva andre trudde tenkte eg ikkje så mykje på. Trua var mi, og den var god og trygg. Kanskje har du ei liknande oppleving? Eller kanskje kjenner du på sakn etter ei barnleg og tillitsfull tru? Slik var det Dronning Margrethe II av Danmark opplevde det. Trua hennar hadde vore teoretisk, sedvane, men så hendte det noko. Faren døydde, ho vart krona til dronning, og i sin naud søkte ho hjelp hjå Gud. Då vart alt forandra: Trua vart personleg. Ho tok til å stole på Gud.  – At tro på Gud er i dag lige så naturligt for mig som regnen og solskinnet sa dronninga i eit intervju på 75-årsdagen.
 Jesus seier: "Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det." Matt. 18 v.3

Difor skal vi ikkje kaste vrak på barnetrua, sjølv om vaksentrua veks fram i oss.

I kyrkja får du hjelp til å gje dine barn og barnebarn ei trygg og god barnetru. Les meir om trusopplæringa for born og ungdom.

 

 

 

 

 

 

Ungdomstru: «Longing to belonging»

Så kjem ungdomsåra. Og no måtte trua brynast på ei verd som brått vart litt større. Den viktigaste endringa var at alt i livet burde bli meir «kult». Kleda måtte vere trendy. Humoren måtte treffe. Men trua, kunne den bli kulare? Dette spørsmålet må mange unge kristne spørje seg: "Må eg gøyme den u-kule trua bort frå kvardagen?"

Men trua kan ikkje målast etter kor kul den er. Det fins ting som verken er kult eller ukult - det berre er. Ein ungdom sa: "Snart oppdaga eg at spørsmål om rett og galt gjorde trua meir aktuell enn kul. Eg synda, og samvitet svei i hjartet. Det eg hadde behov for fann eg i trua på Jesus: Han gir nåde og tilgjeving. Og det fekk eg". Trua passa ikkje inn i kul-skalaen, men ho var like fullt god å ha med seg. Jesus seier: - Kom til meg, alle de som strevar og ber tunge bører, og eg vil gje dykk kvile Matt. 11 v.28

Så kan ein oppdaga endå ei side ved trua: Det er fint å tru saman med andre. Trua er ikkje berre mi, trua er vår - og den er for oss. Det er fint å treffe andre kristne på si eiga alder, i bibelgrupper, på kor, leirar og weekendturar, på KRIK-trening og i kyrkja. Det fins stader å høyre til. og der trua får rom til å vekse.

Les meir om Filmklubben for ungdom i Spjelkavik kyrkje.

Vaksentru: Ei tru som toler livets stormar

Vaksentrua er den vanskeligaste trua. Det fordi livet nokon gonger fer hardt med oss menneske. Vi misser dei vi er glade i. Vi gjer feil det er vanskeleg å rette opp. Og trua må ikkje berre henge med, den må også bere oss gjennom dei mørkaste stundene, ja til og med gjennom dødsskuggens dal.

Då må det vere ei tru som er sannferdig. «Sanninga tru i kjærleik». Ef. 4 v.15
Ei tru som toler vår tvil. «Eg trur! Hjelp meg i mi vantru.» Mark 9 v.24
Ei tru som tek livet på alvor. «Menneske først, kristen så». Grundtvig / Matt 22 v.39

Ei slitesterk tru treng å få påfyll regelmessig. Gudstenesta er staden for å vekse i trua. Les meir om kva gudstenesta eigentleg er, og les også om Ord og Sakrament på nettsidene våre.

Tilbake