Ord til ettertanke (25. mars)


Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord. 

 

ONSDAG 25. mars

Eg veit ikkje korleis du har det no.
 

Kanskje liker du stillheten rundt deg. Kanskje syns du den er uuthaldeleg.
Kanskje saknar du å møte vener og familie. Kanskje har du fått overdose og saknar eigentid.
Kanskje likar du tanken på unntakstilstand. Kanskje lengtar du til kvardag.
Kanskje er du ved godt mot. Kanskje kjenner du at følgjande kan bli katastrofale viss ikkje kvardagen blir normal snart.

Kanskje trengde du ein annerledes-tid. Kanskje var dette det siste du trengte akkurat no.
Kanskje har du ennå energi. Kanskje er du så sliten at du snart ikkje orkar meir.
Kanskje har du eit håp om betre tider. Kanskje har du mista det håpet du hadde.
Kanskje ønsker du å hjelpe. Kanskje er det du som treng hjelp no.
 

Eg veit ikkje korleis du har det no.
 

Det eg veit, er at det finst ein som veit.

 

 

Du kan lese gårsdagens andakt her.

 

 

Tilbake