Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord.
TIRSDAG 24. mars
I desse usikre og utfordrande tider er det rart å ikkje kunne samlast til fellesskap, slik vi pleier. Foreløpig veit vi ikkje kor lenge dette vil vare. Vi som jobber i kyrkja ynskjer likevel å vera tilgjengeleg for dykk. Vi slutter ikkje å vere kyrkje. Og vi slutter ikkje å vere fellesskap. Men vi må finne nye måtar å møtast på, nye måtar å ha fellesskap på, nye måtar å vise omsorg på og nye måtar å høyra forkynnelse på.
Alle forsøker vi no å omstille oss og finne nye måtar å leve kvardagane våre på. For nokon kjem det lett, mens det for andre er krevjande.
I dag vil vi lysa denne velsigninga over dagen og tida som ligger foran:
Må Herren som overvant mørket med lys - gi deg fred.
Må Herren som overvant døden med liv - gi deg fred.
Må Herren som overvant ensomheten med kjærlighet - gi deg fred.
David Adam
Du kan lese tidlegare publiserte andakter og andre artikler her.