Ord til ettertanke 2.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 2. søndag i treeiningstida.

 

Tekst: Esek 36,25-29a

«Stein og kjøt»

Eit steinhjarte er hardt, eit kjøthjarte er mjukt. Eit steinhjarte er kaldt, eit kjøthjarte er varmt. Eit steinhjarte er dødt, eit kjøthjarte er levande.

Verda treng milde hjarte! Våre fellesskap treng milde og mjuke hjarte. Når vi tenker over om dette er mulig, må vi ta Jesus med i reknestykket. Det er han som er mild og mjuk, ikkje vi. Vi får gå «i to-spann» med han. I Matt 11, les vi: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile. Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finne kvile for dykkar sjel. For mitt åk er godt og mi bør er lett.» Og frå Jesaja 42: «Han bryt ikkje eit knekt siv og sløkkjer ikkje ein rykande veike.»

Det er fordi Gud er iblant oss at våre fellesskap kan bli trygge, varme og levande. Vi må stole på Den heilage ande, at han kan virke forvandlinga frå stein til kjøt; at han kan gjere oss heile og friske frå vår andelege hjartesjukdom. Anden må komme og bu i våre ufullkomne menneskelege hjarte og vekke dei til nytt liv.

Jesus ba læresveinane sine om å be om at Guds vilje måtte skje på jorda, slik som i himmelen. Målet for forvandlinga er den ultimate frigjeringa: Frigjering av heile verda frå synd, øydelegging og død. Forvandlinga i oss og i verda skjer gradvis og tek tid, kanskje eit heilt liv, kanskje heile menneskeslekta sitt liv. Det skjer ikkje utan kamp, men let vi Anden stelle med oss har vi von om nye hjarte.

Sjelene våre

har Du i Dine hender

Dei bor der

og gror som i djup

og næringsrik jord

Inn mellom fingrane

siv det som fløymer

frå augene dine:

Ljos som vekker sjelefrøa

 og tårer som vatnar

spirande liv

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake