Ord til ettertanke søndag før pinse


Tekst: Joh 16,12-15

«I rett tid»

Det skjer ei utvikling i det vi kan forstå og ta til oss av sanninga. Sanning er noko vi må bli eksponert for gradvis. Såg vi alt på ein gong, kunne vi ikkje bere det. Anden vel ut bitar av den heile sanninga som Han gir oss i rett tid.

Som pliktoppfyllande elev og student var eg vand med å prøve å få med meg og forstå alt som vart sagt og så mykje som mogleg av det som sto i lærebøkene. Då eg i ungdommen gjekk på eit evangeliseringskurs der vi skulle ta imot mykje undervisning, fekk vi dette rådet i innleiinga til kurset: Du skal ikkje prøve å få med deg eller hugse alt som blir sagt. Legg merke til det som rører ved deg, det som Gud spesielt talar til deg, og grunn på det. Gløym alt det andre!

Det Anden formidlar i dag er kanskje ikkje det som vart vektlagt i går. Ordet som Anden talar er ferskvare. Stephen Varney skriv i Johannes-kommentaren «Water into wine»: The disciples have to wake up every morning knowing their deep need to learn fresh truth today.

Vi kan ikkje vere medvitne om meir enn ein ting om gongen. Resten må vi anten skrive ned eller «gløyme», og stole på at det dukkar fram att når vi treng det. Gud brukar minnet vårt. Han minner oss på ting Han ein gong har talt til oss. Sanninga er som eit frø som blir lagt i jorda. Der har det sin vekst og kan bere frukt lenge etterpå utan at vi heilt veit kva som foregår.

Sjelene våre

har Du i Dine hender

Dei bor der

og gror som i djup

og næringsrik jord

Inn mellom fingrane

siv det som fløymer

frå augene Dine:

Ljos som vekker sjelefrøa

og tårer som vatnar

spirande liv

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake