Ord til ettertanke 5.søndag i påsketida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 5.søndag i påsketida.

Tekst: Joh 17,6-11

«Høyre til»

Å høyre til. Dette viser til ein verdi som er avgjerande viktig for oss menneske. Når vi kjem til verda er vi heilt hjelpelause og er avhengige av at nokon tar imot oss og reknar oss som sine. Vi er avhengige av at disse som vi høyrer til hos gir oss det vi treng og lar oss oppleve at vi høyrer til i familien. Etter kvart blir vi meir sjølvstendige og sjølvhjelpte, men behovet for å høyre til ein plass og hos nokon blir ikkje borte.

Forholdet mitt til dei andre betyr noko. Kvar for oss er vi med kroppane våre levande tempel for Gud. Men også saman er vi eit tempel, ein kropp, ein heilag bygning. Når vi elskar kvarandre, lever Guds liv i oss. Det er den samme kjærleiken som fins mellom Faderen og Sonen.

Fellesskapen mellom Faderen og Sonen er ei kontinuerlig veksling mellom å gi seg sjølv og å ta imot den andre. Denne vekselvirkninga er ein livsrytme som også skal prege våre liv. Det handlar om ei open framferd som lar den andre, med solside og skuggeside, bli møtt, akseptert og tatt inn i fellesskapen. Denne åpenheita kan nokre gonger vere smertefull. Den andre kan bringe noko inn i fellesskapen som sårar oss. Kor mykje skal det til før du nektar å bygge bru eller gå på brua over til din neste? Kor mykje av andre sine erfaringar, andre sine sanningar, toler vi?

At vi skal vere eitt, betyr ikkje at vi skal vere like, men at vi kan stole på kvarandre og sette kvarandre fri til å leve ut eit mylder av ulike liv.

Du og eg

vi har drukke vatn

or den samme kjelda

 

Vi har drukke

med ulike beger

og vatnet

har vi gitt så mange namn

Men kjelda

er til evig tid den eine

og vi to

sysken

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake