«Pasjonsmusikk i Borgund» går inn sitt tiande år. Den årlege kultursatsinga i «den stille veka» har naturlig nok gått på lavbluss dei to siste åra, men er no tilbake med konsertar både Palmesøndag og Langfredag, begge kl. 19.00.
"Lyset fra dine sår ligger på den åpne veien"
Musikk og Lyrikk
Konserten på Palmesøndag har eit program med dikt av lyrikaren Arnold Eidslott satt saman med korsongar og musikk for cello. Koret er satt saman av kyrkjekora i Ålesund, Ellingsøy, Spjelkavik og Borgund. Vi får høyre mykje fin kormusikk frå engelsk og italiensk barokk og nyare norsk kormusikk. Her er også ein del frå ortodoks liturgi med musikk frå Kyiv, Ukraina. Cellisten Hallvard Braaten Steinhovden framfører musikk av Bach.
Arnold Eidslott sitt hovudtema er Guds og Kristi medliding med og omsorga for det lidande og sørgande menneske og at det motiverer oss til mellommenneskeleg omsorg. Dette er aktuelt å ta fram i den kyrkjeårstida vi er i, men særleg også i den tida vi no lever i . Det er Guttorm Eidslott som les frå faren sine diktsamlingar. Nikolas Fehr medverkar på orgel og dirigent er kantor i Borgund Kjetil Kvangarsnes.
Jobs bok - ei historie om liding og fellesskap
Job Suiten av Egil Hovland blir framført i Borgund Kyrkje Langfredag med Ola Eide ved orgelet og med Viggo Solum som les frå Jobs bok.
Dette eineståande verket i norsk orgelitteratur passer godt på Langfredag. Hovlands musikk løfter fram smerta, trassen, håpet og angsten som romsterer i den forpinte, store skikkelsen frå Bibelens verden. Job har mye til felles med Kristus og med all uskyldig liding i denne verda. I disse dagar blir vi blant anna minna på at dette stadig er ein del menneska si historie. Krigen i Ukraina og lidinga der rører ved oss alle.
Til slutt bærer musikken og lesingane frå Jobs bok fram styrken som den får som trufast held seg til Gud i alt som måtte hende, kor meiningslaus slik tru enn kan synes å vere.
Når Hovlands mektige orgelprolog fyller kyrkjerommet og med sine glissandoar skakar tilhøyrarane opp, gir komponisten et riktig grunnlag for dem som vil prøve å gripe innhaldet i Jobs bok. Ved bruk av utradisjonelle virkemidlar som fastsetting av tangentar med fyrstikker og bruk av handflater og clustere , blir det skapt eit drama som berører lyttarane sterkt. Tekst og musikk utfyller kvarandre på en sjeldan måte som griper og som gir ei stor oppleving.
Egil Hovland sjølv såg på dette verket som sitt hovudverk innan orgellitteraturen.
Viggo Solum Viggo Solum har sidan 1983 arbeid som skodespelar ved fleire teater og i frie profesjonelle ensemble. Han har også instruert og gitt regi til både amatørar og profesjonelle.
Ola Eide er født i Ålesund og fekk si første orgel og kyrkjemusikkopplæring med Arthur Nedregård, Kåre Hanken og Arne Hadland. Etter utdanning, mellom anna ved Bergen musikkonservatorium, arbeidde han som leder av musikklinja ved Borgund Folkehøgskole og seinare som kantor i Spjelkavik Kyrkje i over 30 år. Spjelkavik kyrkje har i disse åra markert seg som en kulturkyrkje med en stor kyrkjemusikalsk aktivitet for barn og vaksne. For denne arbeidet fekk han i 2015 Ålesund Kommunes heiderspris.