Ord til ettertanke 4.søndag i openberringstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 4.søndag i openberringstida.

Tekst: Luk 13,10-17

«Håp etter atten år»

Dei ulike menneska som møtte Jesus denne sabbaten i synagoga, kunne fortelle kvar si historie om det som hende.

Synagogeforstandaren opplevde irritasjon og indignasjon. Her kjem det ei heil folkemengd til synagogen. Det er jo fantastisk. Men dei kjem ikkje for å høyre han eller oppleve den gudstenesta han har stelt i stand. Dei kjem for å høyre Jesus. Han likar ikkje Jesus si undervisning. Den er altfor poengtert og sett på spissen. Kvifor snakkar han så lenge? Kvifor får han folk med seg?

Folkemengda får det som dei vil. Jesus underviser. Det var det dei kom hit for. Men i folkemengda var det også mange sjuke. Kanskje vart synagogen urein av det? I alle fall visste dei at dei var uønska der på sabbaten. Men også dei var der på grunn av Jesus. Og så får dei oppleve underet. Jesus vender seg til ei kvinne som har vore sjuk i atten år. Spenninga stig. Dei høyrer ikkje kva han seier, men ser henne rette seg opp. Ho som dei alle veit om og har sett krokbøygd i alle dei år. No står ho rank og lovar Gud.

Det har skjedd igjen. Folkemengda vart vitne til Guds makt som virka gjennom Jesus. I underet ser dei Guds miskunn og omsorg. Synagogeforstandaren som allereie har bestemt seg for kva han skal meine om Jesus, ser eit lovbrot. Dette skulle ikkje ha skjedd på sabbaten. Det underet kvinna opplevde vart i hans auge noko ureint, noko som ikkje burde ha skjedd. Kan eit hjarte vere hardare?

Kvinna som venta og håpa i atten år visste kanskje ikkje heilt kva ho venta på. Men når det skjer så veit ho det. Det var Jesus. Det var han som kunne løyse henne og fri henne ut. Og det som var eit lovbrot i andre sine auge vart frelse og nytt liv for henne.

«yet, have you ever noticed that there are people who do things which are most indelicate, and yet at the same time – beautiful»

(E.M. Foster: A room with a view)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake