På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 2.søndag i openberringstid.
Tekst: Joh 1,29-34
«Guds lam»
Johannes døyparen var sendt for å førebu grunnen for Jesus. Han var ikkje sjølv lyset, men han skulle vitne om lyset (Joh 1,8). Johannes sitt sterke vitnemål om Jesus var: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!»
Her er det to førebilete frå det gamle testamente som er stilt saman: Forteljinga om påskelammet som vart slakta den gongen Gud fridde israelsfolket ut frå slavekåret i Egypt og forteljinga om syndebukken.
Gud sende plager over Farao og Egypt fordi han ikkje ville la israelsfolket forlate landet. Den siste plaga var at den førstefødde i kvart hus måtte døy. Men Gud let israelittane slakte eit lam og smøre blodet på dørkarmane i husa sine. Då gjekk dødsengelen forbi deira hus.
Medan israelittane vandra i ørkenen på veg til det lova landet, gav Gud dei ulike kultiske handlingar som skulle halde oppe paktsforholdet mellom Gud og folket. Ei av desse var når Aron tok ein levande bukk, la begge hendene på hovudet åt bukken medan han «sanna over han heile skulda til israelittane, alle lovbrota og syndene deira» (3 Mos 16,21). Så vart bukken jaga ut i ørkenen.
Jesus Kristus er både påskelammet og syndebukken.
I kirkekunsten opp gjennom århundra ser vi gjerne eit lite lam ståande ved Johannens døyparen sine føter. På nokre bilete renn det blod fram frå eit sår, og nokre gonger fyller blodet eit beger.
Ord blir fattige, stive og stotrande. Eit bilete av det vesle lammet og Johannes døyparen sin finger som peikar på Kristus, seier meir enn mange ord. Det får oss til å ane og ta imot det vi ikkje forstår.
O Guds Lam uskyldig,
på korset ihjelslaget,
inntil døden lydig,
hvor ille du var plaget!
For vår skyld var du såret,
har verdens synder båret,
miskunn deg over oss, o Jesus!
(N13 nr.165 Agnus Dei / M.B. Landstad)
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.