Ord til ettertanke Kristi openberringsdag


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Kristi openberringstid.

Tekst: Joh 12,42-47

«Lys til neste steg»

«Kom ikkje med heile sanningi,

kom ikkje med havet for min torste,

kom ikkje med himmelen når eg bed om ljos,

men kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom,

slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget

og vinden eit korn av salt.»

(Olav H. Hauge: Frå På ørnetuva 1961)

Gud openberrar seg for oss i Kristus. Når den uerkjennbare vil gje seg til kjenne for menneska, kjem han som eit menneske. Den uendelege blir kjøt og blod, levande menneske som oss. Og Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg. Og den som ser meg, ser han som har sendt meg.» Det var ikkje alle som trudde. Det var ikkje alle som trudde at dette vesle kunne romme det største.

Det lyset som Jesus er for oss som lever i mørkret er kanskje ikkje ein lyskastar som gir god oversikt over heile terrenget, men meir som lyset frå ei lykt med eit stearinlys i. Det gir akkurat nok lys til å ta det neste steget i tillit og tru.

Då Israelsfolket vandra om i ørkenen og fekk manna frå himmelen å ete, kunne dei berre sanke nok til ein dag om gongen. Maten vart øydelagd dersom dei prøvde å få han til å vare.

Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim,

lei du meg fram!

Eg går i mørke natt langt frå min heim,

lei du meg fram!

Før du min fot; eg treng ei sjå min veg,

så langt og vidt – eit steg er nok åt meg.

(N13 nr.858.  J.H.Newman / Peter Hognestad.)

I tett skodde er det forresten slik at det vesle lyset fungerer best. Prøver vi å sjå lenger fram med eit sterkare lys, ser vi berre meir skodde.

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake