Om Dåpen


Det er fleire aspekt å tenke på når ein skal planlegge dåp.

 

Dåpen utfordrar

Dåpen er starten til eit liv saman med Jesus. Skal livet med Gud få næring, må barnet lære å kjenne Jesus når ho/han veks opp. Eit lite barn kan, kanskje meir enn mange vaksne, kjenne tryggleik og glede i å vere eit Guds barn gjennom livsutfalding, bøn og song. Det er foreldra som ynskjer dåp. Slik har også foreldra hovudansvaret for å oppdra barnet sitt i den kristne trua. Dei første åra er heimen og foreldra utan tvil det viktigaste. Men det er fleire som deler dette ansvaret.

Fadrar

Fadderoppgåva er først og fremst ei åndeleg oppgåve, fadrane tek på seg viktige oppgåver når det gjeld barnet si kristne oppseding. Det er ei ære å bli spurt om å vera fadder. Barnet skal ha minst 2, høgst 6 fadrar og dei må ha fylt 15 år. Foreldra kan ikkje vere fadrar. Minst to av fadrane må vere til stades ved dåpshandlinga. Som fadrar kan ein velje personar som er medlem av Den norske Kyrkja, eller andre kristne som ikkje forkastar barnedåpen.

Kyrkjelyden si trusopplæring

Alle som er døypte vert invitert til å ta del i kyrkjelyden si trusopplæring. Saman med foreldre og fadrar, har kyrkjelyden ansvar for å "hjelpe barnet til å verta verande hos Kristus når ho/han veks opp". Slik er dåp, i tillegg til å vera ei eingongshandling, også inngangen til eit dagleg trusliv med Gud. Kyrkjelydane vil gjerne at foreldra skal vera med å skape gode trusmiljø for dei små. Mange av tiltaka i trusopplæringsplanen vil bli presentert i dåpssamtala.

Dåpssamtale

Etter at dåpen er innmeldt vert foreldra invitert til dåpssamtale på aktuell dato. Det er fint om begge foreldra har høve til å ta del. Dåpssamtala skjer i kyrkja saman med andre som skal døype barnet sitt same dagen eller i same perioden.

Deltaking i dåpshandlinga

Erfaringa vår er at dess meir ein deltek i dåpshandlinga, dess betre vert opplevinga av det som skjer i kyrkja.

Vi vil gjerne at nokon frå dåpsfylgjet (fadrar, søsken, foreldre, besteforeldre) er med og les ein eller to av bibeltekstane som vi brukar under dåpshandlinga. Det er fint om de kan seie frå om dette på dåpssamtala.

Vi vil også gjerne at born som er med i dåpsfylgjet hjelper til med å tørke dåpsbarnet på hovudet og tenne lys for barnet. Vi treng også barn/vaksne til å ta del i inngangsprosesjon for å bære lys, dåpsmugge o.a. Fint om de kan seie frå i dåpssamtala om nokon av dykk kan delta.

Foreldre/dei næraste og søsken er med i dåpsprosesjonen og får reservert plasser framme i kyrkja. Resten av familien og fadrane finn seg plass der det høver, gjerne langt framme.


Meir informasjon og påmelding.

Tilbake