Ord til ettertanke 4.søndag i advent


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 4.søndag i advent.

Tekst: Matt 1,18-25

«Immanuel! – Gud med oss!»

Kjenner du nokon som heiter Immanuel? Det er ikkje eit mykje brukt namn i Norge i vår tid, men for eit par generasjonar sidan var det meir vanleg. Og går vi enda lenger tilbake finn vi nokre berømte menn med dette namnet. Ein av sønnene til Johann Sebastian Bach heitte Carl Philip Emmanuel, og ein av vestens største filosofar heitte Immanuel Kant.

I Palestina på Jesu tid og tidlegare kalla ein ikkje gutane for Immanuel. Det var eit altfor høgt og heilagt namn, og det bar ein lovnad med seg som ein ikkje kunne knytte til eit vanleg menneskeleg gutebarn. Og engelen Gabriel ber heller ikkje Josef om å kalle Maria sitt barn for Immanuel. Jesus skulle guten heite. Det var eit alminnelig brukt namn som tyder Herren frelser.

Men forfattaren av Matteusevangeliet vel likevel å knytte fortellinga om Maria og Jesusbarnet til ein profeti om Immanuel. Maria sin son var ikkje berre eit alminneleg barn. Han vart til i mors liv ved Den heilage ande. Han var av Den heilage ande og dermed også av Gud.

Gud fann hjå Maria noko som gjorde det mogleg for Han å bli født inn i verda som eit menneske. Og Han fann i Josef ein mann som høyrte Gud, som lydde Gud og som vart ei støtte for Maria og far til Jesus.

Kvar finn Gud i vår tid og her hjå oss sinn som opnar seg mot lyset ovanfrå og skaper vegar til jorda vår for Gud og hans vilje? I vår tid kjennest det som vi treng det meir og meir for kvar veke som går. Katastrofar var lenge noko som hende andre stader, men no trugar pandemien oss alle. Kva vil Gud gjere ved sin heilage Ande?

Vi er kalla til å be og til å sette vår lit til Gud. I jula feirer vi han som fekk namnet Jesus, «for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira». Han er vårt håp.

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake