KJÆRE VENER
Vi lever i ei uroleg tid. Kvinner og menn verda over
opplever uro av mange slag, både indre, personleg uro, og endringar politisk, sosialt, i klimaet og nå pga corona-viruset. Dette har vi felles.
Kyrkja er, og vil alltid vere, ein samlingsstad der vi kan kome med våre uroer og bekymringar. Fellesskapen er motkrafta som styrkar og seier til oss: Ikkje ver redde. No er det tid for å sjå nærare på korleis vi kan bruke energien i uroa til noko godt i fellesskapen.
BØN:
Gud, vi kjem til deg berande på vår uro. Vi legg henne fram for deg og for kvarandre. Lat oss kjenne krafta som finst i uroa og våge å bruke henne til beste for fellesskapen i ditt namn. Amen