Dåpstalla går ned - eit tiltak for å legge tilrette er utlån av dåpskjole
Statistikken for 2019 viste nedgang i dåpstala i Ålesund - men dette gjeld ikkje Borgund som er ei populær dåpskyrkje både for dei som bur her og for andre som har tilknytning til Borgund. Likevel har vi i arbeidet med å tilrettelegge for dåp kjøpt inn dåpskjole til utlån. Dåpskjolen blir lånt ut til dåp i Borgund. Fleire andre låner eller leiger ut dåpskjole td. Spjelkavik.
Ønsker du å låne dåpskjolen i Borgund, tek du kontakt med sokneprest Kari Vatne tlf. 920 65380 eller menighetspedagog Mariann Stensøe tlf. 94532477