Ord til ettertanke Helgemesse


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Helgemessa.

Tekst: Matt 5,13-16

«Lighten our darkness …»

På helgemessesøndagen tenker vi på alle dei som er gått føre oss. Dei som allereie er på den andre sida; heime, i himmelen, hos Gud. Deira føredøme lyser for oss som framleis lever på jorda. Sjølv om alle menneske er ei blanding av lys og mørke, er det lyset vi skal få tenke på og varme oss ved no i ettertid. Vi kan minnast dei som er gått bort og la lyset frå den dei var lyse for oss.

Ikkje alle liv egnar seg til lys for dei etterlatte. Nokre gonger er såra så store og opne at ein slett ikkje kan takka for det livet som gjekk bort. Då lyt ein finne seg andre føredøme.

Nokre lys er så sterke at dei lyser for langt fleire enn næraste familie. Mor Teresa, Martin Luther King, Nelson Mandela er lys som skin over heile verda. Så har vi lys som skin mest i Norge eller på heimplassen vår. Kanskje ein nabo eller ein venn.

Lyset vi lyser med er alltid eit lånt lys. Lyset som lyser i augene dine er det livet som Gud skaper i deg. Kristus er lyset for verda. Han har liv i seg sjølv. Han lyser som sola. Vi lyser som månen. Månen lyser berre fordi sola skin på månen først. Vi skulle sole oss i Kristus, bade i hans lys så gjenskinnet av Han vart synleg.

Jesus vil at vi skal vere lys og salt i verda. Han vil bruke oss. Det er ikkje ubeskjedent å seie det slik. Gud vil det. Han treng menneske som kan gi meining til Ordet som blir forkynt gjennom det livet dei lever.

 

Lighten our darkness, we beseech thee, O Lord;

And by thy great mercy defend us from all perils and

dangers of this night; for the love of thy only Son,

our Saviour Jesus Christ. Amen.

(Anglikansk kveldsbøn)

 

Lys opp vårt mørke! Det ber vi deg, Herre!

Og bevar oss i di store miskunn frå all livsfare

og alle trugsmål denne natta. For skuld kjærleiken åt Son din,

Jesus Kristus, vår Frelsar. Amen.

(mi omsetjing)

 

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake