Ord til ettertanke 17.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 17.søndag i treeiningstida.

 

Tekst: Luk 7,11-17

«Gråt»

Her i denne teksten møter vi eit gravfylgje. Ei enke har mist sin einaste son. Det er ikkje berre eit emosjonelt tap, men også ei økonomisk og praktisk katastrofe. Han som skulle sørge for henne i hennar alderdom er borte, og ho sit att ribba for alt. Jesus kjem inn i denne situasjonen. Han får inderleg medkjensle med enka. Han let henne få sonen attende.

Det er medkjensle som motiverar Guds handling med oss. Då kan det hende Han går ein annan veg, fylgjer eit anna spor enn det vi hadde tenkt. Det var ikkje Hans oppdrag å ta bort all naud. Tvert om skulle Han også sjølv lide og døy. Og Hans rolle blir oftast å lose oss gjennom vanskane heller enn å fjerne dei.

Jesus drog ikkje rundt i Palestina og vekte opp døde. Vi les berre om eit par tilfelle i evangelia. Det er ikkje denne kroppen vi no har som skal leve evig. I oppstoda får vi ein ny og annleis kropp slik Paulus skildrar det i 1 Kor 15.

Paulus nyttar eit bilete frå naturen når han talar om død og oppstode. Vi sår eit frø, og det spirer fram ein ny plante. Vår vanlege menneskelege natur har ein kropp som må døy, men den andelege naturen som får del i oppstoda har ein annleis kropp som ikkje døyr. Jesus var med si oppstode den første som fekk dette nye livet og denne nye kroppen.

Enka sin situasjon var den verst tenkelege. Men også i våre verst tenkelege situasjonar går Jesus med.

Gråt ikkje, sa Du til enka i Nain.

Til meg seier Du: Gråt.

Svaret du gir meg går ikkje utanom, men gjennom.

I smerten skal eg lære Deg å kjenne.

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake