Ord til ettertanke 15.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 15.søndag i treeiningstida.

 

Tekst: Luk 10,38-42

«Den gode delen»

I denne teksten og i ein av lesetekstane for denne søndagen handlar det om å lytte. Maria sette seg ved Jesu føter og lydde på orda hans. I 2 Mos 19  opprettar Gud ei pakt med Israelsfolket der deira side av avtalen var at dei skulle lytte til Hans røyst.

Vi kan leike litt med ord. Å lyde og å lytte er ord som står nær kvarandre reint språkleg. Korleis kan vi lyde utan først å ha lytta? Korleis kan vi kjenne Guds vilje om vi ikkje først har høyrt Hans røyst?

Jesus var nær i kjøt og blod då Han tala til Marta og Maria. Og Gud var nær på Sinai-fjellet då Han oppretta si pakt med Israelsfolket. På same måte er Kristus etter sin lovnad nær oss alle dagar og inviterar oss til å merke Han og lytte til Han i tru.

I norsk grammatikk brukar vi ordet «presens», som tyder notid. Det liknar det engelske ordet «presence», som tyder nærvær. Gud kan berre vere nær oss dersom han er no. Dette leier til det velbrukte uttrykket «her og no». Vi spør og får svar: Kvar er Gud? Her. Når er Gud? No.

For å kunne kjenne og gjere Guds vilje, må vi lytte til Hans heilage nærvær. Hans vilje kjem ikkje som ei oppskrift som vi så godt som mogleg må fylgje på eiga hand. Guds vilje kjem saman med Hans nærvær, kraft og leiing. Han gir seg sjølv til oss saman med sine bod. Han let oss ikkje vere åleine med oppgåvene våre.

Lat oss ikkje straffe oss sjølve med å tenke at Gud er langt borte, i ei anna tid, på ein annan stad. Alt vi treng å gjere er å vende oss mot Han, for Han er alltid vendt mot oss.

som et håp i horisonten

der skyene åpner

et vindu av lys

Et løfte:

Alt du trenger

skal bli gitt deg

Vegen er ikke veg

uten Meg

Fremtiden ikke tid

uten Meg

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake