På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 10.søndag i treeiningstida.
Tekst: Matt 18,21-35
«Sytti gonger sju»
Tilgjeving er sjølve fundamentet i tilværet vårt. Det er tilgjeving som gjer at vi kan ha eit forhold til Gud, vår himmelske Far, og til kvarandre. Vi lever av tilgjevinga.
Guds kapasitet til å tilgi oss er uendeleg. Vi kan lett tenke at Guds tilgjeving av ein eller annan grunn ikkje gjeld oss, ikkje minst når vi fell i samme synd om att og om att. Synda heng ved oss og er ikkje noko vi maktar å reise oss frå. Då er denne teksten til oppmuntring og trøyst. Gud tel ikkje. Han berre tilgjev.
I likninga Jesus fortel er tenaren skuldig Herren sin ti tusen talentar. Det var ein svimlande sum som tilsvarte 116 000 årsløner! Kvifor opererte Jesus med slike enorme tal? Det viser oss vår situasjon overfor Gud, men det gir også håp. Når ei slik gjeld kan bli ettergitt, då kan også mi skuld strykast ut.
Tilgjeving er som lufta vi pustar i, lufta i lungene våre. Men vi kan ikkje berre puste inn. Vi må også puste ut. Vi pustar inn Guds nåde og tilgjeving, og når vi pustar ut gjev vi det samme vidare til vår neste.
Salme 130
Frå djupet ropar eg til deg, Herre.
Herre, høyr mi røyst!
Vend øyret til mitt rop om nåde.
Dersom du, Herre,
vil gøyma på synder,
Herre, kven kan då bli ståande?
Men hos deg er tilgjeving
så vi skal frykta deg.
Eg set mi von til Herren,
eg lengtar, eg ventar på hans ord.
Mi sjel ventar på Herren
meir enn vaktmenn
på morgonen,
vaktmenn på morgonen.
Vent på Herren, Israel!
For hos Herren er miskunn
og kraft til å løysa ut.
Han skal løysa Israel ut
frå alle deira synder.
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.