Ord til ettertanke 9.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 9.søndag i treeiningstida.

Tekst: Joh 8,2-11

«Åleine med Jesus»

Det dramaet som utspeler seg i denne teksten kan vi seie har tre ulike scener.

I første scene opptrer Jesus og folkemengda. Jesus underviser, og folkemengda høyrer på. Dei er nyskjerrige, inspirerte, kanskje tvilande og spørjande, men i alle fall heilt sikre på at dette vil dei få med seg. Det er ein god bruk av tida å høyre etter kva Jesus har å seie.

I neste scene kjem det nokon og forstyrrar den relativt velordna situasjonen med Jesus og tilhøyrarflokken. Nokre farisearar og skriftlærde sleper med seg ei kvinne fram til Jesus. Dei vil diskutere. Dei vil sette Jesus på prøve. Det handlar om synd, men ikkje om deira eiga synd. Det handlar om kvinna sitt ekteskapsbrot. Det verkar som om Jesus ikkje er interessert. Han bøyer seg og skriv med fingeren på jorda. Er han brydd? Dei som kjem med kvinna får ikkje den diskusjonen dei er ute etter. Dei får ikkje stille Jesus til veggs.

Korleis det heile kjennest for kvinna, er det ingen som tenker på. Jesus er den einaste som ikkje stirrer på henne. Han bøyer seg ned, vil ikkje auke skamma hennar. Det skarpe ordskiftet uteblir. Jesus vender merksemda frå kvinna og til dei som klagar henne. Gjennom å bøye seg mot jorda og skrive vender han merksemda mot dei som kom med kvinna, dei som ser på og oss som les. Og han seier: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.»

I siste scene er Jesus og kvinna åleine. Det er hit vi skal. Etter å ha høyrt han tale for folkemengda treng vi å møte han ansikt til ansikt. Etter å ha tatt del i diskusjonane og debattane treng vi å følge hans blikk inn i vårt hjerte og likevel høyre han seie: «Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»

Velg mennesket

ikkje prinsippa

eller dei taktfaste orda

Velg augene som ser

og øyrene som høyrer

Velg orda som finn fram

i lengten

og er sanning

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake