På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 8.søndag i treeiningstida.
Tekst: 2 Kor 8,9-15
«Det er meininga at vi skal dele»
Det er meininga at vi skal dele. Har vi meir enn vi treng av noko er det meininga at overskotet skal gå til nokon andre. Dette gjeld pengane våre og det vi eig, men også overskot på kjærleik og det vi har av menneskelege kvalitetar og ressursar som andre kan ha nytte av. Eigentleg er det ikkje vårt. Det er noko vi forvaltar på vegne av han som har gitt oss det. «Kva anna har du enn det du har fått?» (1 Kor, 4,7)
I evangelia fortel Jesus eit par likningar om tenarar som vart sett til å forvalte verdiar for herren sin medan han var bortreist. Dei skulle handle med verdiane slik at dei auka. Men ein tenar grov ned talenten sin. Han fekk refs og vart teken frå det han hadde.
I samfunnet vårt er vi så heldige at vi får betale skatt. Slik sikrar vi at i alle fall noko av det vi har kjem fellesskapet til gode.
Rudolf Steiner, antroposofiens far, nytta slagordet «frihet, likhet og brorskap» frå den franske revolusjonen som inspirasjon for sine tankar om samfunnet. Han snakka om ei tregreining der det skulle vere fridom i åndslivet, likskap for lova og brorskap i det økonomiske livet. Dessverre er vi ofte på avvegar når vi krev fridom i det økonomiske livet, brorskap i det juridiske livet eller likskap i åndslivet.
Fridom som somme tider altoverskyggande og forvokst verdi i samfunnet har gjort det vanskeleg å løyse problem som høyrer fellesskapet til. Økonomisk fridom er dessutan eit privilegium for dei få.
Det er vanskeleg å dele. Det er lett å halde på ting for seg sjølv.
«Du kjære Herre Kriste, og hjelp oss du å dele
du sol med klarest skinn, med andre det vi har,
la hjerte-isen briste vårt liv, vår jord, det hele
og smelte i vårt sinn! er ditt, vår Gud og Far!»
(N13 nr.841 Den blomstertid nå kommer fra vers 5 og 4. Kolmodin/Landstad)
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.