Ord til ettertanke 7.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 7.søndag i treeiningstida.

Tekst: Luk 19,1-10

«Sakkeus»

«Så vide om land som sol mon gå,

ei menneskesjel er å finne

som Herrens nåde ei vet å nå

når hjertet ham gjerne vil vinne.

Han ser hver en lengsel i sjelens grunn

som etter det evige higer,

han hører hvert sukk som i nattens stund

fra dypet til himmelen stiger.»

(W.A.Wexels, N13 nr.701)

Folket i Jeriko visste kven Sakkeus var. «Han var overtollar og svært rik.» Rikdomen sin hadde han skaffa seg ved å gå ærend for den romerske okkupasjonsmakta og ved å krevje inn for mykje pengar frå folk. Det var ikkje ærleg tente pengar, og folk visste det.

Denne mannen, denne ureine mannen som både arbeidde for romarane og hadde meir pengar enn rett var, tok Jesus inn hjå.

Sakkeus var klar. Han hadde han eit brennande ønske om å møte Jesus. Han forventa ikkje meir enn å få sjå han når han gjekk forbi treet han hadde klatra opp i. Men Jesus stansar, snakkar til han og ber seg sjølv heim til han. Dette overveldar Sakkeus. Han lovar vekk halvparten av alt han eig til dei fattige og gir firdobbelt tilbake til dei han har truga pengar frå.

Sakkeus hadde sikkert høyrt gjetord om Jesus; at han kunne gjere sjuke friske og at han utfordra dei rike til å gje avkall på sin kjærleik til pengar. Men først når Jesus kom til Jeriko, først når han tok inn hjå Sakkeus, fekk Sakkeus mot til å gjere noko med det han hadde høyrt. Eg forestiller meg at han fekk smake ei ny glede i Jesu nærleik. Han hadde ikkje berre fått sjå Jesus, men Jesus hadde sett han. I forhold til denne gleda vart pengane lite verdt. Sakkeus fekk mot til å gjere opp for seg og sette relasjonar til Gud og menneske høgare enn den falske tryggleiken, posisjonane og nytinga rikdommen kunne gi.

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andak her.

Tilbake